Eksamen 2016

Onsdag 18 mai, var det opptrekk i skriftleg eksamen for 10. klassingar i heile landet. Ved Sykkylven ungdomsskule kom to klassar opp i matte. Desse klassene er allereie ferdige med sin skriftlege eksamen og kan no starte å forberede seg til muntlig eksamen, som blir i starten av juni. 

Ved Sykkylven ungdomsskule blei utfallet slik:

Norsk - 10A

Engelsk - 10C

Matte - 10B & 10D

 

16 år og oljebarna

Vi er 16 år, har dei dyraste kleda,den dyraste mobiltelefonen, det dyraste og beste i alle variantar. Vi har rom som er like store som husa til mange. Skulen vi hatar, hadde mange drept for å gå på. Vi lever det beste livet ein tenåring kunne ha levd. Kvifor? På grunn av oljen vann vi gullbilletten. Vi vann lotto utan å løfte ein finger. Dei som måtte gjere jobben, den jobben som måtte gjerast før vi kunne leve drømmelivet, det var dei som risikerte livet. Dei risikerte livet for å få tak i all den oljen vi har blitt så rike på. Nokon døydde, nokon blei skada for livet og nokon var så heldige å overlevde utan eit skrubbsår. Men det var likvel ein risiko. Dei risikerte livet for framtida. For etterkommerane. For oss. Det står det respekt av! 

Berre for kort tid sidan, som då foreldra våre var små, kunne dei ikkje sjå for seg at framtida skulle bli slik. Ikkje i nærheita. Vi tenkjer ikkje over kor heldige vi er, vi oljebarn, vi som kastar pengar ut vindauget. Når nokon spør oss kvar pengane vi fekk forige veke blei av, har vi ikkje peiling. Vi har ikkje kontroll. Vi brukar pengar i vilden sky. Vi shoppar til vi har mange rom fulle av klede, likevel sei vi at vi ikkje har noko å ha på oss. Vi kjøper mat på skulen kvar dag, sjølv om vi har med oss mat heimanfrå. Ingenting er bra nok. Vi blir ikkje fornøgde, vi vil alltid ha mier. 

Men uansett kor fantastisk det høyrest ut å ver oljebarn i Noreg i 2016, er det ikkje berre ein dans på roser. Vi slit med kroppspress, klespress, sminkepress, vi svelt oss sjølve til vi blir sjuke. Vi øydeleggjer oss sjølve på å prøve å bli perfekt, prøve å bli tynn nok. Vi brukar pengar vi ikkje har på klede, sminke, hårprodukt og vesker. Vi veit vi ikkje blir godtatt viss ikkje. Det er ikkje bra nok med vanlige klede, lite sminke og normalt hår. Alt må vere perfekt heile tida! I tillegg må vi prøve å gjere det bra på skulen, for viss vi skal fortsette å bruke pengar må vi tene dei ein plass. Vi skal alle bli rike. Men korleis skal vi gjere det bra på skulen, sjå fine ut, gjere lekser mange timar for dag, ha fritid og på toppen av dette få nok søvn? Då ender det opp med at skulen kjem sist i rekka. Kvifor? Fordi vi er oljebarn. Vi er bortskjemde. Vi veit ikkje korleis det er å måtte kjempe for å få noko. Vi har fått alt servert på eit sølvfat. Det er brutalt, men sant. 

Sigrid Ulset Lade

17.mai 2016

 



Speidarane feira også.

 



Det var mange russar som solgte avisar i år.

 



Sykkylven skulekorps spelte mens dei masjerte rundt omkring i Sykkylven.

 



Vik skule sang av full hals i år.

 



Mange ved kyrkjeparken etter toget.

Litt om 17.mai

Vi nærmar oss 17.mai med store steg. Her skal vi ta for oss litt av det som er bakgrunnen til 17.mai, samtidig skal vi skrive litt om korleis vi feirar 17.mai no.

 

For det første er denne datoen ein spesiell dag for alle nordmenn. Denne dagen blir kalla for grunnlovsdagen. Datoen er i dag synonym på unge hender som veier med flagg, masjering i flotte uniformer, nypussa bunadsko og hurrarop.

Men 17.mai har ikkje alltid vore slik. Dei første åra etter at grunnlova blei vedtatt, var det berre nokre få stadar i landet dagen blei feira. Trondheim var den byen der grunnlovsdagen betydde mest. Sjølv om mange nordmenn prøvde å få andre til å feire grunnlovsdagen var det Henrik Wergeland som klarte å inntrodusere grunnlovsdagen i norsk kultur.

 

No til dags er 17.mai ein dag vi ser fram til å feire. Sjølv om haggelsteinar piskar oss i ansiktet, går vi alle i marsjtempo. For 17.mai er ingenting utan korps. Nokre små bygder i Noreg har 17.mai tog utan korps eller drilljenter. Der må dei bruke cd-spelarar og ein el-bil til musikken men drilljentene har dei ikkje. Dette er trist. Vi kan ta for oss ei bygd som t.d Sykkylven, for omlag 40 år sidan var det fire korps og to drillklubber. No haar vi to korps og ingen drilljenter som dansar med stre smil midt i toget.

 

Først og fremst må vi huske på å feire grunnlova godt saman med kjente. For nokre kan det vere å fare ein tur på fjellet, mens at for andre er det å sjå barna sine opptre på 17.mai feiringane i skulane.

ABEL MATTEKONKURRANSE

Gjennom skuleåret 2015/16 har fire elevar frå 9. trinn lagt ned fleire timar med hardt arbeid for å kunne delta i Abel mattekonkurransen. Med stor hjelp frå lærer Diana Overøye klarte dei å kvalifisere seg til landsfinalen ettersom dei tidligare i år vann fylkesfinalen. Onsdag 20.04.16 reiste dei til Oslo for å delta i landsfinalen. 

Dei fire elevane som deltok var Helga Tiller, Silje Jarnes, Olav Elias Riksheim og Arnas Tribusininas. Dei gjorde alle ein stor innsats for å komme i mål med innslaget sitt. Inspirerte som vi var etter å ha fått smugkika på ei av øvingane deira, spurte vi Arnas korleis han hadde blitt så utruleg dyktig i matte, og fikk til svar at det er masse øving som er nøkkelen til suksess. Sidan før jul har desse fire elevane og Diana hatt ekstra øving ein gong i veka og det er tydeleg at dette har lønt seg når ein ser kor bra resultatet blei. 


Oppgåva dei fekk var å forklare kva kongruensavbilding er for noko og dei kunne sjølv velje korleis dei ville formidle dette. Dei kunne f.eks. vise til dette med bruk av arkitektur, natur osv. og dei fikk også velje kva måte dei ville uttrykkje seg på. Dei endte då opp med å framføre eit rollespel ved bruk av naturen for å forklare seg på best mogleg måte. Innslaget kunne vare max 5 min og på den korte tida fikk dei vist fram både kunnskap og kreativitet i form av innhald, kostymer og vinkling av oppgåva.  


Når vi snakka med nokon av elevane som deltok kunne dei fortelje at konkurransen gjekk generelt greitt. Dei fikk ikkje vite eksakt kva plassering dei fekk, men scoren deira var 45/80 medan vinnaren fekk 60/80. Elles fikk dei ein dag i Oslo der dei fekk oppleve byen og brukt litt av tida til shopping. Dei var også ein tur og såg på Eidsvoll bygninga. Dei smiler og kan fortelje at alt i alt så var det ei kjekk helg med mange inntrykk, nye venner og masse mat. 

Karrieredagen

Den 30.09.15 var vi på tiande trinnet på karrieredag i Ålesund. Der fikk vi snakke med folk som gikk på forskjellege linjer her og der i fylket og få meir informasjon om linjene vi hadde lyst å gå etter ungdomsskulen.


Her har vi nokre blide jenter som er med på ein fotoshoot med Media og kommunikasjon.


Har det kjekt med utstyret på Elektro.


Det var ikkje berre elevar som synes karrieredag var stas. Her er Vencke og Diana på design og handtverk.

Ingen over ingen ved sidan av, vi er best!

I dagens samfunn finst det mange slags menneske, både gutar og jenter. Alle har ulike personlegdommar, og nokon kan vere betre enn andre. Vi har ulik hudfarge, nokon er mørke og nokon er lyse. Men på innsida er vi alle like. Alle har ei god side og ei dårlig side, og ingen er perfekt.

Vi kan dagleg lese om voldtekter verda rundt nesten kvar dag i aviser, på TV og på nettet. Det skjer over alt i verda, ja til og med i Noreg. Her, her i det landet som skal vere det beste og det tryggaste av dei alle...

Vi går rundt og tenkjer at vi er best. Vi skal vere best i alt og det er ingen over og ingen ved sida av oss. Vi har fått det for oss at fordi vi er det rikaste landet i verda så er vi så masse betre enn til dømes. folk i Afrika. Kvifor? Det er eit veldig godt spørsmål! Det har skjedd litt etter litt, men det har aldri vore så gale som det er no, det er i alle fall sikkert!

Vi nordmenn lever eit liv dei fleste berre kan drøyme om, eit liv dei fleste aldri kjem til å få, eit liv som er utenkjeleg for 99 prosent av verdas befolkning. Kvifor kan ikkje alle ha det like godt, eller i alle fall nesten? Det er eit spørsmål eg stiller meg sjølv kvar dag. Korleis hadde det gått om nordmenn og fattige afrikanarar bytta liv? Eg trur ikkje vi hadde overlevd særleg lenge utan internett, telefon, TV, vatn, skikkeleg mat og all den luksusen vi er vane med. Vi klarer ikkje ein gong å forestille oss kor store forskjellar det er i verden, kor stor urett det er blant folk, folk som er akkurat er like mykje verdt som oss. Einaste forskjellen er at vi får vist kva vi kan, kva vi er flinke til, det kan ikkje dei. Dei får aldri moglegheit til å vise kva dei kan, dei har ingen sjanse til å ha eit anna liv enn det dei har. Eit liv i fattigdom. Dei kan berre drøyme om å oppleve verda. Dei sit fast, dei kjem seg ingen veg.

Vi ser kvar dag på nyheitene medmenneske i krigssoner som Irak, Afghanistan, Syria, Iran. Sivile som blir drepne og heimar som blir ruinar. Liv som blir snudde opp ned på nokre få sekund. Liv som blir øydelagde, familiar som blir splitta, barn som blir foreldrelause og foreldre som blir barnlause. Dette er kvardagen til mange. Dette er røyndom. Dette er no.

Men sjølv om vi ser dette rett framfor oss kvar dag, klarer vi ikkje å bry oss. Vi surfar vidare på telefonen vår til mange tusen, vi held fram med å bry oss meir om dyre klede til mange tusen, kva vi skal ha på oss imorgon på skulen, eller på jobben, der vi tenar pengar til fleire ting vi ikkje treng. Kva hadde skjedd om vi donerte alle dei pengane vi brukar unødvendig til fattige land som ikkje veit om dei lever til morgondagen, og berre har pengar til mat og ting som er nødvendige for å overleve? Kvifor kan vi ikkje hjelpe dei som treng det mest? Kvifor bryr vi oss meir om pengar og luksus enn medmenneska våre? Kvifor? Det er eit spørsmål som surrar om og om igjen.

Korleis blir utviklinga i verda om det held fram slik? Kvar skal dette ende? Når skal vi få opp augene og faktisk innsjå kor gale dette har blitt? For det har faktisk gått for langt! Korleis kan vi stå opp kvar dag å vite at på akkurat det tidspunktet er det nokon som dør av svolt. Nokon som dør i krig. Nokon som dør av sjukdom. Folk dør rundt oss av fattigdom, dei dør fordi dei ikkje har alt vi har.

Kor mange menneske kunne vi redda om vi ga vekk halvparten av det vi eigde til nokon som trong det? Vi treng ikkje halvparten av det vi har, vi er berre så egoistiske at vi trur vi treng det. Det er saken, vi vil ikkje dele! Vi vil ikkje dele lykke, vi vil ikkje dele pengar, vi vil ikkje dele. Vi ser oss blinde på pengar. Vi ser berre det vi vil sjå: oss sjølve. Mange tenkjer at dette er noko som kjem til å gå over av seg sjølv, men det er eit problem som har bygd seg opp over veldig lang tid. Det kjem ikkje til å gå over av seg sjøl, vi må gjere noko. Men då er spørsmålet, kva kan vi gjere? Eg trur mange har lyst til å hjelpe, men dei veit ikkje kva dei kan gjere, så då gjer dei ingentig. Men eg håpar og trur at dette faktisk kan bli betre med tida, at vi finn ut kva vi kan gjere for medmenneska våre som har mindre enn oss og ikkje har moglegheita til å hjelpe seg sjølve.

For alle er like mykje verdt, uansett kor mykje eller lite pengar vi har, kva hudfarge eller religion vi har. Vi må stå saman uansett. Alle er menneske, alle er like på innsida. La oss tenkje over kor heldige vi er og kva vi har, og prøve å dele det vi kan med dei som ikkje har så masse.

Sigrid Ulset Lade

- Elevane skal trivast!

Liv Karin Hjelle Årdal er tilsett på Sykkylven Ungdomsskule. Ho har teke over jobben til Tove Sperre som helsesosiolog og miljøterapeut. Kva vil ho oppnå her på skulen, og kva går jobben hennar ut på?

Liv Karin er oppvaksen i Oppstryn på Hjelle, ho bur no på Stranda. Ho har utdanning som barnevernspedagog og har ei vidareutdanning som helsesosiolog. Denne erfaringa vil ho dele med oss her på skulen. Liv har og tidligare jobba hos barnevernet og med bistand.

  •  Kva oppgåve har du på SUSK, og korleis skal du gjennomføre dei?

- Eg vil først og fremst følgje i fotspora til ho Tove, arbeide mest og best muleg for at elevane skal trivast på skulen. Eg meiner skulen må vere open for elevane sine meiningar og forslag til regelendringar og liknande.

  • Korleis føler du opphaldet ditt har vore dei 5 første vekene dine her på SUSK?

- Eg føler meg velkommen og tatt godt imot av kollegaer og elevar. Eg samarbeider med sosiallærar Karen Tandstad, rektor Roar Wiig og assisterande rektor Randi Løseth Aasen, og har også kontakt med PPT og barnevernet.

  • -Kvifor tok du jobben på SUSK?

- Fordi eg syntest jobben verka interessant. Eg ville prøve noko nytt og arbeide med elevar og ungdom.

 

Vi takkar Liv Karin for intervjuet.

Tekst og foto: Lars og Ole-Martin.

Snøen viser seg igjen




(Bilder: Andrea Kienzerle)

 

Uferdig uteplass

I oktober 2015 blei den nye uteplassen tatt i bruk for første gong. Mange har benytta seg av den sidan den gongen, men den er ikkje heilt ferdig enda. Dei har plana om å få ny type mål som står stødigare. Dei har også tenkt å legge gras til pynt, i tillegg til å legge eit gummibelegg over heile fotballbana. Dei har ikkje fått gjort dette enda fordi dei ventar på betre temperaturar. Dei satsar på at alt er ferdigstilt før sommaren.


Randi Løseth Åsen fortalte oss om planane for uteplassen.

Ny i Noreg

I løpet av hausten 2015 kom det veldig mange flyktningar til Noreg, dette har skapt mykje snakk om flyktningar i media. Vi har snakka med to elevar på skulen vår som har opplevd det å vere flyktning og korleis det er å vere ny i  Noreg utan noko kjennskap til kultur eller språk.

Habib Yasser Mohammadi  og Ramy Abdulqader går på Sykkylven ungdomsskule, dei har ein interessant bakgrunn, begge er flyktningar. Habib med afghansk opprinnelse har levd nokre år i Iran, medan Ramy  vart fødd i Irak og flykta til Syria etter nokre år. På den tida var det nemleg betre forhold i Syria enn i Irak.

I heimlanda opplevde dei begge krig. Habib fortell om ei familietragedie der mannen til systra hans som jobba på ein plass der dei transporterte medisinar. Taliban hadde lagt ei bombe i ein av pakkane, og den tok livet av svogeren hans. No har systra hans som er aleine i Iran med fire barn lyst til å komme seg til Noreg. I Irak kunne Ramy høyre bomber, og i gatene var det tanks og øydelagde hus. Han fortell at han ikkje hadde lov til å gå ut, og at han ikkje gjekk på skule fordi den var stengt.

Habib reiste frå Iran til Tyskland før han ankom Norge 15. desember 2009. Første inntrykket hans av Noreg var at det var veldig kaldt, då han kom var det vinter, og det var 12 minusgrader her. Han syntest veret var uvandt sidan han kom frå omtrent 30 grader, og nesten aldri regn, til kalde Noreg der det ofte regnar.

Ramy kom til Noreg 6. juni 2010, då hadde han berre gått omtrent eitt år på skule i Syria. Han er einig med Habib om at det er kaldt I Noreg. Både Ramy og Habib begynte på Tandstad skule, i Sykkylven. Då Habib kom til Noreg starta han midt i skuleåret, i femte klasse. Habib fortel at det var vanskeleg sidan han ikkje kunne

språket , men når Ramy kom og begynte i femte klasse etter sommaren 2010 kunne dei snakke saman på morsmåla sine, og forstå kvarandre. Habib snakka farsi og Rami snakka arabisk.

I dag går dei begge i tiande klasse på ungdomskulen. Dei trivest i Noreg og er godt integrert i samfunnet, dei snakkar godt norsk, spelar fotball og har mange venar.
 

Sjekk dei nye låtane som står øverst på vg-lista i år!

Her har du Fragile av Kygo & Labrinth: https://www.youtube.com/watch?v=fikqx9k1ZK4

Denne står øverst på vg-lista med mange gode kritikker både i dagbladet:

http://www.dagbladet.no/2016/03/18/kultur/musikk/musikkanmeldelser/anmeldelser/43575838/ 

Her har du meininga til Kygo om musikkbransjen:

https://www.youtube.com/watch?time_continue=34&v=2Wa2zEdxzxs

Raging av Kygo ligg på andre plass i vg-lista: https://www.youtube.com/watch?v=VzGSeWwNkLI

3.plass går til Sia med låta Cheap Thrillshttps://www.youtube.com/watch?v=31crA53Dgu0 

God helg :)

Bilder av elevdagen

8A gav oss eit sprekt show med hawaii dansarar i bar overkropp.

 


8B stilte med eit fantastisk danseshow med forskjellige kultur impulsar.

 


I 8C fekk vi vere med ein fergemann gjennom hans dag hos Fjord1 der han fekk ein smakfull opplevelse med passasjerane.

 


8D gav oss ei nyheitssending der vi fekk eit møte med ein rekke kulturar frå rundt om i verda.

 


I 9A fikk vi vere med i jakta på vårrullen som vi tilslutt oppdaga i vakre Vietnam.

 


I 9B fulgte vi eit gammalt ektepar når dei gjennomførte barndommsdraumen om å reise jorda rundt. I løpet av denne reisa møtte dei på masse folk som dei tok med seg videre på eventyra sine.

 


I 9C drog ein norsk skiløpar ut på søndagstur og møtte forskjellige folk fra forskjellige kulturar.

 


9D stilte med nokre barske skottar i klassisk kilt.

 


10A tok oss med inn i to ulike klasserom. Eit i Noreg og eit i Syria i håp om å kunne vise oss ulikheitene og holdningane dei ulike borna har til skulen.

 


Når 2 av elevane i 10B ankom skulen vart dei sjokkert når resten av klassa var forsvunne og dei måtte legge ut på ei reise som tok dei jorda rundt for å finne dei forsvunne klassekammeratane sine før den store elevdagen.

 


Etter ein lang ferie valte læraren i 10C, mykje til elevane sin ergrelse, å fortelle om alt ho hadde gjort og opplevd.

 

I 10D la også ei gruppe pensjonistar ut på ei jorda rundt reise med ein guide som skulle lede dei gjennom reisa. Dei møtte alt frå meksikanarar i sør til samar i nord.

/Alle bilde er tatt av Arne Furland/

Elevdag 2016: Internasjonal kultur

I år gjekk Elevdagen av stabelen 16 OG 17. mars! Temaet var internasjonal kultur. 16.mars var showet for elevane og lærarane sjølve. Dette var ei stor generalprøve til dagen etterpå. Då var det nemlig framføring på kulturhuset med inviterte foreldre og foreldre!

Kvar klasse hadde eit program som varte i ca.5-7 min. Her viste dei fram mange forskjellige kulturar frå heile verda. Det var mange gode idear og veldig gode framføringar frå alle klassene. Som alltid blei det kåra ein vinnar frå kvart klassetrinn. I år vann 8a, 9c og 10a.

Mange foreldre hadde tatt turen og hadde ei fantastisk oppleving. Inngangspengane går til niande trinn sine klassetur som dei skal ha som avslutning på si ungdomsskuletid.



Alle klassene fekk hjelp frå instruktøren Antonia Genta. Ho var til stor hjelp for alle klassene, både med dans, song og skodespel.

Påskelunsj 2016

Livet er gult!

Ein fantastisk fredag. Dagen etter braksuksessen på kulturhuset vart følgd opp med påskelunsj i kantina for heile skulen! Gule serviettar. Gul pynt. Det er ingen tvil: Påskeferien er over oss!

Det er rart med det; stemninga blir spesiell når heile skulen går saman om felles kos. Slik også denne gongen. Valfagsgrupper i 9A hadde baka kanelsnurrar til den store gullmedaljen. Bugnande fruktfat i alle fargar sytte for «desserten».

Takk til alle som bidrog! God påske til alle ved Sykkylven ungdomsskule.

Livet er gult! Verkeleg!



OLYMPUS DIGITAL CAMERA




Tekst: Nils Einar Rye

Påskeegg med eller utan palmeolje

I fjor var det stor kampanje mot Freia sine påskeegg. Kampanjen var retta mot palmeoljen som er brukt i påskeegga. Palmeoljen blir produsert rundt Amazonas slik at den trua regnskogen.  Her kan du lese en artikkel om dette:http://www.regnskog.no/no/nyhet/kan-ikke-friskmelde-freias-p%C3%A5skeegg

Freia påpeikar at dei ikkje kan lage påskeegga utan palmeoljen så dersom folk vil ha påskeegga må dei rekne med at dei inneheld palmeolje. Problemet er ikkje sjølve palmeolja. Problemet er at det blir hogd ned regnskog for å lage større dyrkeområder til oljepalmar.

I år har det vore mindre snakk om dette, men det er likevel nokon som tek det opp som for eksempel i denne artikkelen:http://e24.no/privat/freia-paaskeegg-inneholder-fortsatt-palmeolje/23617766

Påskeegga frå Freia inneheld fortsatt palmeolje og dei som et påskeegga må ta omsyn til at dei er med på å øydelegge regnskogen.



 

Kan mobilhotell og tyggegummi bli lovleg på SUSK?

I samband med mobilhotell, tyggegummi og diverse ting som elevar kjempar for å få til har vi intervjua Tove Sperre for å høre om kva ho har og seie om saka og for å få meir informasjon om dette. Vi har også hørt om kva ho syns om saka.



Kan mobilhotell og tyggegummi bli aktuelt på skulen? Utifrå korleis reglemanget er no er det forbudt men det er vanskelig å sei. Mobilhotell er ein god ide, men det kan være store utfordringar om mobiltelefon i friminuttet blir lovleg.

Kva ulempar kan oppstå om tyggegummi blir lovleg? Tyggegummi i friminuttet blir eit rot, det blir uhygenisk og skuleplassen kjem ikkje til å sjå ut om det blir lovleg med tyggis.

Korleis kan mobil i friminutte være ei fare for sosialsamfunnet på skulen? Mobil i friminutte kan være ei so stor fare at det å kommunisere fra auge til auge blir upopulært og det vil bli større sjangse for å bli tatt bilde av, SMS og MMS blir meir populært og i det verste fall snakkar ingen til kvarandre lenger.

Tusen takk til Tove Sperre for intervjuet.

Gulrotkake-oppskrift til langpanne

Ingredienser:

6 dl sukker

6 dl olje

6 egg

7,5 dl kveitemjøl

3 ts natron

3 ts kanel

7dl skrelt gulrot

Glasur:     

400 g Philadelfia

500 g melis

3 ts vaniljesukker

Framgangsmåte:       

1.Visp sukker og egg godt, visp til blandinga blir tjukk og lys.

2.Sikt mjølet, natron og kanel og tilsett forsiktig til blandinga. Hel i oljen.

3.Riv gulrøttene fint og rør inn i deigen til slutt.

4.Ha deigen i ein langpanne. Steik kaken midt i ovnen ved 175 ͦC i om lag 40 min.

5.Avkjøl kaken i formen.

6.Rør saman melis, Philadelfia og vaniljesukker til sein krem. Bre ostekremen i eit tjukt lag over kaken.

Elevdag 2016

I år er temaet internasjonal kultur, mange klasser har allereie begynt å tenke ut kva dei skal gjere. For i år er det enda større press, sidan klassene skal både framføre foran dei andre klassene og i tillegg foran foreldra. Til saman skal alle framføre tre gongar. Ungdomsskulen har elevdag for å utfordre elevene å engasjerer seg i noko anna enn skulearbeid.

I fjor var temaet vennskap, då var det fleire klasser som brukte sangen «we?re all in this together». Dette gjorde at det vart mykje oppatt taking. Det same skjedde året før med songen «You?re the one that I want» frå filmen grease. Vi håper derfor at det ikkje blir det same i år! Lykke til alle saman!


Bilde frå elevdagen 2015, frå 9B sitt innslag

Sykkylven bada i sol


Bilde: Andrea Kienzerle

 


Bilde: Nimo Ismail

Intervjuet med Nynke før ho spelte


Nynke Spoelstra før opptreden. 
Kva skal du framføre med?

Først skal eg spele sommarsang av Wilhelm Petreson på tverrfløyte deretter skal eg spele saman med korpset.

 

Gruar du deg?

Ja, til å spele åleine. Samtidig er eg glad for at eg ikkje har nokon som akkompagnerer meg slik at eg kan holde mi eiga takt utan å ta hensyn til nokon andre.

 

Er det nokon i salen som du kjenner?

Både foreldra mine og besteveninna mi er her for meg i dag.

 

Har du tenkt på at du kan komme vidare? Kva tankar har du om det?

Eg vil jo selvfølgeleg vidare men samtidig synest eg dette her er god trening for meg. Ellers spelar eg lite åleine foran publikum så dette er ein god anledning for meg til å vise fram kva eg kan og kva eg helde på med i fritida.

 

UKM - 2.del av programmet


Programledarane Benedicte Vansen Værnes og Louise Hunnes Hanssen fekk opp stemninga blant publikumet.


Sykkylven skulekorps 


Hedda Kurseth (gitar), Eileen Ebbesvik (vokal) og Ine velle Nerhus (vokal) framførte med sangen "make you feel my love".


Stine Regina Tusvik sang "o mio babbino caro" akkompagnert av Askjell Molvær på piano.
 


Karoline Kurseth på piano med sangen "moonlight sonate".


Hedda Kurseth (gitar), Maria Eikrem (vokal) og Karoline Kurseth (vokal) framførte med sangen runaway.

Bilder av Andrea Kienzerle
 

Bak scenen


Ei nervøs Sofie rett før opptreden. (Bilde: Andrea Kienzerle)

 


God stemning bak scenen. (Bilde: Andrea Kienzerle)

 


Louise er fornøgd med opptreden sin. (Bilde: Nimo Ismail)

 

Litt av utstillinga

 



 



 



Flotte teikningar av Martine Nedler



 

UKM - 1.del av programmet

 




Sofie Kalvatn sang "Evig eies" (kun et dårlig rykte)


Louise Bruksås Skoglund på piano med sangen Holberg suite, preludium



Tre jenter framførte med sangen Try av Cobie Caillat.


Ei lita jente fekk mange til å trampe med foten i salen med dansen sin.

 

Ungdommens kulturmønstring 2016

Laurdag 20.februar var det 13 innslag på kulturhuset i Sykkylven i samband med UKM. I tillegg var det fem ungdommar som sørga for ei fin utstilling.Det var utruleg mange som møtte opp på laurdag, det var rikelig med publikum i tribunene.

Mange som møtte opp på UKM på laurdag 20.2

Først ønska organisatøren Åge Frøystad alle velkommen og fortalde litt om bakgrunnen til UKM. "UKM starta i 1987 men på denne tida var det ikke noko som heitte greenrom",fortalde han, "heilt frå 1987 har det vore slik at ungdommar i aldere 10-20 fekk lov å melde seg på sin lokal mønstring. Og herfrå gå vidare til fylkesmønstring og deretter UKM festival." Så ville Åge ha programledrarane for å presentere første innslag. På laurdag var det både pianister, sangarar, gitaristar, dansere og kunstnarar som møtte opp. Til og med eit heilt korps!


Sykkylven skulekorp framførte med sangen "Fiesta della Costa"

Etter sju fantastiske innslag var det ei lita pause der både tilskuerar og deltakarar fekk sjå på utstillinga. Etter pausa var det Sykkylven skulekorps som starta med "Fiesta della Costa". Då alle innslaga var ferdige var det utseling av diplomar til alle deltakarane. Det blei óg delt ut blomar til programledarane, juryen, musikklærerne og Jakob Velle Ødegård for ein god innsats.
Det blei delt ut blomar og diplomar på slutten.

Tekst og bilder: Andrea Kienzerle

Før ungdommens kulturmønstring starta

Før kulturmønstringa starta:


Frå venstre oppe: Øystein Røyr, Benedicte Vansen Værnes, Louise Hunnes Hanssen og Malin Oksavik Melchiorsen.

Frå venstre nede:Sara Eriksen Fet og Julie Bueide Grimstad (bilde: Andrea Kienzerle)

Jakob Velle Ødegård (bilde: Andrea Kienzerle)


 

 

KANELSNURRAR

Ingredienser

* 150 g smør eller margarin                                 

* 5 dl melk

* 50 g gjær

* 1/2 ts salt

* 1 1/2 dl Sukker

* 2 ts malt kardemomme

* ca. 13 dl kveitemjøl

Fyll:

* 100 g smør eller margarin

* 1 dl Sukker

* 3 ss. kanel

Pensling:

* egg

1. Smelt smøret i en kjele. Tilsett melka og varm opp til 37 °C (fingervarmt).

2. Smuldre gjæra i bollen og tilsett litt av væska. Rør til gjæra løyser seg opp. Tilsett resten av væska.

3. Tilsett salt, sukker, kardemomme og 2/3 av kveitemjølet. Arbeid deigen blank og smidig. Tilsett meir mjøl og knø deigen til den slepp bollen. La den heve under klede i 20-30 minutt.

4. Bland saman ingrediensane til fyllet.

5. Ta deiga over på et melet bakebord og knø den smidig.

6. Del deigen i to delar. Kjevle kvar del til en rektangulær leiv. Smør fyllet utover. Rull saman og skjær i bitar. La heve under klede i 30 minutt.

7. Sett omnen på 250 °C. Pensle bollane med piska egg. Steikast midt i omnen i 8-10 minutt. 

8. Avkjøl på rist.

 





INSTAGRAM

BLOGGEN HAR NO FÅTT INSTAGRAM!!!

For at det skal vere lettare for alle å halde seg oppdatert på nye innlegg, har vi no laga oss ein instagrambruker. Namnet er selfølgelig @realityofsusk. Her kjem vi til å legge ut bilder frå mediatimane, varsel om nye innlegg på bloggen og ellers anna nytt frå/om skulen. Vi håper at så mange som mulig vil følge oss og gjerne kommentere å like!:-) 

Nordlys

Det fantastiske og spektakulære lyset som vi ser spele seg ut på himmelen er nordlys eller aurora polaris som det også vert kalla. Lyset blir laga når elektron og proton kolliderer med gassane i jordas atmosfære. Elektrona og protona kjem frå sola når solvinden er sterkare en normalt. Form, farge og styrke varierer. Den kan være grøn men også mørkeblå, gul, rød og oransje! Nordlyset befinn seg mest på den nordlige halvkule. Vil du sjå nordlyset? Rundt midnatt har du størst sjanse for å sjå dette heilt spesielle fenomenet.


Bilde: Nynke Spoelstra

Les mer i arkivet » Mai 2016 » April 2016 » Mars 2016
realityofsusk

realityofsusk

16, Sykkylven

Vi er ei gruppe elevar frå 10.klasse som har Media og Informasjon som valfag dette skuleåret. På denne bloggen vil vi komme med artiklar, intervju, kommentarar, lesarinnlegg og generelle ting som skjer på Sykkylven ungdomsskule.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits